tirsdag 31. januar 2012

Slikt noget gør man da ikke!

Tankar omkring omsetting av Hedda Gabler til japansk
Av oversetter Anne Lande Peters

I 2009 fekk eg forespørsmål om å lage ei ny japansk omsetting av Hedda Gabler for det Nye Nasjonale Teateret i Tokyo (NNTT).

Eg arbeidde tett saman med dramaturg Kaku Nagashima og regissør/kunstnarleg leiar Keiko Miyata under dette arbeidet. I august 2010 var eg til stades ved dei fem første dagane av leseprøvene for å hjelpe skodespelarane og regi-teamet i å få ei djupare forståing av stykket, og for å forklare språklege val eg hadde teke. Saman med skodespelarane og regi-teamet blei teksten bearbeida og pussa på. Det vart ein viktig del av omsettingsprosessen, og ”Hedda-teksten” modna på desse fem dagane. Her vil eg legge fram nokre tankar eg gjorde meg under dette arbeidet.

”Slikt noget gør man da ikke!” er ein nøkkel-replikk i Henrik Ibsens Hedda Gabler. Det er ein replikk som avspeglar verdisyn i ein historisk kontekst og derfor betyr så mykje meir enn berre innhaldet av dei orda som blir sagt. I mellom to så ulike kulturar som Japan og Norge, er det desse setningane som er vanskelegast å omsette. Men samtidig er det nettop desse som er dei mest spennande å arbeide med, fordi i søken etter ei løysing, kjem det som ligg under overflata opp. ”Slikt noget gør man da ikke!” speglar av eit samfunn der det blir forventa at ein skal underkaste seg normene, der det ikkje er plass for å tenke kritisk og vere annleis. Denne replikken, som også er den siste i stykket, fortel oss så kraftig kva det var Hedda kjempa opp mot.

Hierarkiet
Japan er eit hierarkisk samfunn der eins plass i forhold til andre stadig blir definert. Det som ligg under er konfusianske verdiar om å ha respekt for dei som er eldre. Det japanske språket har ord og uttrykk som berre kan brukast i den rette hierarkiske samanhengen. Då eg var til stades ved leseprøvene møtte eg dette.

Den første dagen kom regissøren Miyata med ei utbreidt definering av alle rollene i hierakisk forhold til kvarandre: ”Øvst har me Hedda, som er genraldatter. Deretter assessor Brack, de kan forestille dykk at han er på dommar-nivå. Så kjem Ejlert Løvborg. Han har høgtståande slektingar, kanskje kan dei samanliknast med bankfolk. Så kjem Tesman, han er ikkje frå nokon høgtståande familie, sjå for dykk ein kontorarbeidar i den offentlege sektoren. Sant nok har han teke doktorgrad og har utsikter til å bli professor, men det har ennå ikkje skjedd...” osv. Miyata forklarte også at årsaka til at assessor Brack og Hedda kan snakke så fortruleg til kvarandre er at dei er frå ein høgare klasse enn alle dei andre, og har til felles at dei kan sjå ned på desse og le av dei.

Assessor Brack og Hedda
Det å tenke i hierarki er så gjennomsyra i det japanske samfunnet at ikkje berre er talestilen mellom rollene prega av det, men skodespelarane seg imellom er stadig bevisst kvar dei står på stigen. For eksempel fortelte Yuichi Haba, som spelte assessor Brack, kor vanskeleg det var for han å måtte tale ovanifrå og ned mot Tesman når dei spelte, fordi Toru Masaoka som spelar Tesman er 4 år eldre enn han sjølv og har større stjernestatus i Japan.

Emne som blir oppfatta annleis
Japan og Norge er to svært ulike kulturar der desse skilnadene visar seg i alt i frå levestil og tradisjonar til tenkevis og verdisyn. Her vil eg gjerne gje nokre døme på korleis emne i Hedda Gabler kan bli oppfatta annleis i desse to landa.

Ejlert Løvborg - drukkenbolt og intellektuell?
Første lesedag fekk eg spørsmål av Makiya Yamaguchi, som spelte Ejlert. Han kunne ikkje skjøne at Ejlert var alkoholisert og levde eit vilt natteliv der han gjekk til prostituerte og samtidig var ein intellektuell. I kommentarane til den historisk-kritiske utgåva av Hedda står det mykje om akkurat dette, og at Ejlert Løvborg er ein figur som er inspirert av Hans Jæger og Kristiania-bohemen, som igjen var inspirert av Nietzsches filosofi. Kommentarane nemner korleis Nietzsche meinte at den kristne forsakingstenkinga var nedbrytande, medan lot ein seg drive av lystene og tok imot det livet baud på, så utvikla ein seg som menneske. Innanfor denne tankeramma vart det altså fullt mogeleg å foreine drukkenbolten og den intellektuelle i Ejlert.

Hedda som redder Thea og Ejlert
I ei scene der Thea Elvsted og Ejlert er hos Hedda, vil Hedda ikkje at dei to skal sitte ved sida av kvarandre. Motivasjonen til Hedda er sjølvsagt at ho er sjalu og at ho ikkje vil miste kontrollen over dei, men det visast så altfor åpent i denne scena. I Japan fekk dei ikkje denne scena til å stemme med Heddas personlegdom, ho som på slik ein sofistikert måte heile tida skjuler sitt ekte indre. Regissøren valde derfor å spele den scena slik at Hedda ikkje let dei to sitte ved sida av kvarandre fordi ho let som om ho vernar dei imot å få dårleg rykte på seg. Thea er ei gift kvinne som har reist ifrå mannen sin fordi ho vil vere nær Ejlert. Dette veit Hedda. Men dette kan bli til ein skandale om assessor Brack og andre får vite det. Derfor let Hedda som om ho minnar dei om at dei ikkje bør sitte ved sida av kvarandre. Dette gjer ho ved å sende eit velvitande blikk til Thea medan ho slenger hodet mot assessor Brack, som sit i rommet bak på scena, og som frå tid til annan følger med på dei tre. Dette er så typisk japansk ein måte å tolke situasjonen på. I Japan er mellommenneskelege forhold så finurlege og kompliserte, og akkurat på slik ein måte tek folk omsyn til kvarandre for at andre ikkje skal få ryktet sitt øydelagt.

Å gifte seg av kjærleik
I andre akt fortel Hedda til Brack at det ikkje var kjærleiken som fekk henne til å gifte seg med Tesman. I Norge har eit slikt utsagn noko trist ved seg, og Heddas kalkulerande haldning til ekteskapet virkar kjølig. I Japan spring også det ideelle ekteskapet i dag ut i frå kjærleiken, men det er samtidig ei svært praktisk halding til det å gifte seg, og meir enn halvparten av japanarar giftar seg arrangert. Mange ser på kjærleiken som sekundær i valget av ektefelle, og at det er andre verdiar som veg tyngre. Japanarar opplever derfor Hedda heilt annleis i denne scena enn det nordmenn gjer.

Å døy vakkert
I slutten av tredje akt gjev Hedda pistolen til Ejlert og ber han om å døy vakkert. Sjølv om Kristiania-bohemen hadde som avtale å ta sine eigne liv når den tida kom, var dette generelt sett sjokkerande i heile Europa då Ibsen levde. Ut ifrå den kristne tankegangen om at ein ikkje må ta liv som Gud har skapt, blei sjølvmord sett på som ei synd. Og når Hedda då attpåtil ber om at han skal gjere det vakkert! Det er grotesk. For japanarar høyrest dette elementet svært naturleg ut. Innan den japanske samurai-estetikken er det ingen motstand mot ideen å ta livet sitt vakkert, snarare tvert om. På den måten reiser ein på nytt den æra ein har tapt. Her har Ibsen ein estetikk som er nærare det japanske.

Bombastiske og flotte replikkar (representerande og presenterande teater)
Det blir ofte sagt i teatervitskapen at japansk teater er presenterande og vestleg teater er representerande. I Vesten, og særleg i Ibsens drama, prøver ein å gjengi røynda slik ho er. I Japan vil ein heller skape ein utopi, og gjere det vakrare enn det er. Berre sjå på Kabuki. Denne japanske teaterforma er eit typisk døme på teater som er presenterande, ikkje re-presenterande.